lørdag, juli 18, 2009

For ein dag!


For første gong i mitt nesten atten år lange liv, har eg blitt stukken av ein kveps. Og eg trekk tilbake alt eg har sagt om at det sikkert ikkje gjer ilt. For ilt gjer det. Og det svir! Det skal eg love deg. Må sei kvepsestikket har vore det mest interessante som har skjedd her hos meg i dag. For tida har vi 7 danskar på besøk og jammen kjem der tre på måndag og.

torsdag, juli 16, 2009

Kanskje litt keisamt heime?


Merkar at Danmarksturen har gjort meg uavhengig av data. Sjølv om dataen står på med msn pålogga, fristar det slett ikkje å sette seg ned for å blogge eller gjer diverse andre ting. Merkar også at å vere heime er noko som ikkje fristar, så tur til pappa har der vore og besøk av den beste venninna i heile verden har fylt dagane sidan søndag. Kva kan ein gjer når det ikkje fristar å vere heime, men må?

mandag, juli 13, 2009

Borte bra, men hjemme best!


Etter 19 fantastiske dagar i Danmark, kom eg endelig heim til mi eiga seng. No er kvardagen tilbake i rundt 4-5 dagar, før vi får besøk av ein flokk danska. Skal bli deilig med fotballtreningar igjen, sjå kjentfolk igjen og rett og slett sove i si eiga seng! Kva har du gjort på så langt i ferien?

fredag, juni 26, 2009

Framme i Danmark!

Fikk ikkje noko internett hos farmor og farfar, så sit no hos nokre venner! Heldigvis bur mamma her, så kan bare gå bort her for å blogge. Turen ned var lang, sidan vi måtte stoppe kvar gong veslebror var vaken. Men i går kom vi ned, og vi har det knall! Sola skin og varmen er her! Men no er det mat, vi er nemleg hos nokre venner av oss! Korleis går det heime i Noreg?

mandag, juni 22, 2009

Enda ikkje ferdig til avreise


Klokka er 22:36 og eg burde vel tenkje på å finne senga. Vekkerklokka ringer klokka 05:30, og søvn treng ein alltids. Pakkinga er endå ikkje ferdig og mp3'en er ikkje ferdig lada. Føler ditta blir ein sein kveld! Håpar dataen blir med til Danmark, men veit ikkje om der er internett. Kjem heim 13. juli, så om der ikkje er internett blir det ingen blogging før den tid. Håpar alle får ein fin ferie om ikkje! :-)

søndag, juni 21, 2009

Det skjer på tysdag!


På tysdag startar ferien for fult! På tysdag set vi oss i bilen for å køyre til Danmark, som vi alltid gjer. Sidan vi flytta frå Danmark i -94 har vi vore i Danmark kvar sommar. Med eit unntak sommaren -08, då var det haustferien. Flybilletten heim er bestilt, bankkortet er fylt opp, sommarfuglane er på plass og faktisk så ser det ut til at vi får ganske bra véir, igjen! Einaste som manglar pakkinga. Den har eg endå ikkje byrja på. Som regel har eg vore ferdig pakka fleire dagar før turen startar, men slik er det vist ikkje denne gongen! Så, fortel meg kor du skal på ferie?

lørdag, juni 20, 2009

Over og ut, frå Sal og Service


I dag, eller rettare sagt i går, var det siste skuledagen min på Sal og Service. Ganske deilig følelse, samtidig som det er litt trist. Ingen fleire diskusjonar, ikkje meir samarbeid, ikkje meir kortspeling i friminutta (les; timane) eller ingen fleire youtube filmar. Blei delt ut ein del "god sommar klem" og blei heldigvis ingen tårer. Så no folkens er det sommarferie, og vi tel ned dagane til Danmarkstur!

På nedste bilde ser dykk forresten korleis det går når du ber ein gutt om å ta eit fint bilete.

torsdag, juni 18, 2009

Lat oss dra tilbake i tid, i nokre dagar



I desse dagar blir bileter frå 10. klassingane si avslutning lasta opp på facebook. Og medan eg blar igjennom nokre av bileta merkar eg at eg saknar ungdomsskulen. Spesielt 10.klasse, eit år som kjem til å sitte resten av livet. Eit fantastisk år der så mykje skjedde, så mykje fint. Så etter å ha gått igjennom alle klassekameratane sine ungdomsskule bileter på facebook, strøymer minna til. Herre så mange koselige minner! Juleball, klasseturar, lærarane, spesielle timar og mykje meir. Håpar verkeleg -91 kullet kjem til å samlast ein vakker gong, for den gjengen har verkeleg vore med på å skapt tre fantastiske år!

onsdag, juni 17, 2009

Nye lesarar?!


Eg har i det siste fått ein del nye lesarar, og tenke difor at eg skulle blir betre kjent med dykk! Så medan eg er opptatt med å reise i familiebursdag, kunne dykk skreve litt om dykk sjølve?! :-)

mandag, juni 15, 2009

Eit ansikt utan fregner, er som ein himmel utan stjerner


Er det ikkje slik ein sei? Fregner er søtt, men av og til er det bare irriterandes. Spesielt når sola skin for fult, og eg blir hundre fregner rikare. Då kan eg fint leve utan dei. Men slik blir det nok ikkje. Er dei først komen, blir dei der. Bildet har eg gjort litt mørkare, slik at fregnene mine kjem meir til syne. Kva syns du om fregner?